I Word finst det mange såkalte autofigurar. Vi skal ikkje gå inn på alle desse, men kun vise korleis du finn dei og korleis du kan bruke dei. Gå opp på menyen, vel ”Vis” - ”Verktøylinjer” og pass på at ”tegning” er aktivert. Denne menyen ser slik ut:

På denne menyen finst det og fleire glupe ting vi skal komme tilbake til. Men først skal vi altså sjå på autofigurar. På menyen står det ganske enkelt ”autofigurer”, og når du trykkjer her, får du opp følgjande meny:

På alternativet ”flere autofigurer” finn du svært mange gode autofigurar. Men no skal vi kun setje inn eit rektangel. Det finn vi under menyvalet ”grunnfigurer”. Når vi har sett det inn, kan det til dømes sjå slik ut (på same måte som med tekstboksar kan vi regulere størrelsen ved å dra musepeikaren, eller berre setje rektangelet inn ved å trykkje med ein gong):

No er det kanskje ikkje så ofte du i utgangspunktet har bruk for eit rektangel i teksten, men denne typen autofigurar kan faktisk ha sine svært store layoutmessige fordelar. Du behandlar fyll og linjer på same måte som med tekstboksar og WordArt. Men ved t.d. å fjerne kantlinjene og bruke ei stilig fylleffekt kan dei sjå svært stilige ut. Linja under er t.d. eit rektangel der eg har fjerna kantlinja, endra størrelsen og som fyll valt ein struktur som er kalla ”hvit marmor”. Ein kan også bruke slike rektangel bak teksten, men då må ein passe på at det på ”rekkefølge” (utruleg kva ein kan få til ved å høgreklikke på objekt i Windows…) er markert på ”plasser bak teksten”.

Dei andre autofigurane kan behandlast på same måte med stort layoutmessig utbytte dersom ein ikkje overdriv, men brukar hovudet. Du kan også legge til tekst i autofigurane, dersom du høgreklikkar og naturlig nok vel ”legg til tekst”.