Så går vi tilbake til tegnemenyen, som som nemnt ser slik ut:

Dei fire ikona til høgre for ”autofigurer” er snarvegar til autofigurane linje, pil, rektangel og ellipse. Med den neste kan du setje inn tekstboksar, med den neste kan du setje inn WordArt og med den neste kan du bruke utklipp frå clipart-mappa. Med den neste kan du enkelt velje fyllfarge til markerte objekt, med den neste kan du like enkelt velje linjefarge, og med den neste vel du skriftfarge. Den neste er ein enkel måte å velje linjestil på, den neste kan du velje stipla linjer med, og med den neste kan du velje kva slags form pila du nettopp har sett inn, skal ha.

Så kjem vi til to litt fiffige effekter. Her finn du nemlig skygge- og 3D-effekter som du ikkje finn andre stader i Word. Når du trykkjer på skyggeknappen (samstundes som du har eit potensielt 3D-objekt markert), får du opp følgjande meny:

Dersom vi går tilbake til dømet vi brukte i WordArt, kan det til dømes sjå slik ut (eg har valt skyggetypen som er markert i illustrasjonen):

Dersom vi trykkjer på 3D-ikonet, får vi opp ein annan meny. Den ser slik ut:

Vi kan no prøve dette med tekstboksen vi brukte i stad, og velje same 3D-effekt som eg har gjort i illustrasjonen. Tekstboksen ser då slik ut: