|

| |
Norsk
| Alle: |
- Denne veka skal du først leggje inn debattinnlegget du
har skrive, i Klasseavis 9. Hugs å laste inn bilete av
deg sjølv eller eit bilde/ein illustrasjon som passar til
temaet du tek opp i debattinnlegget. Her finn du oppskrift på korleis du skal
publisere eit innlegg i avisa. (Nokre av innlegga kjem
vi til å leggje ut i Globalnytt òg.)
Denne veka startar
vi på ny skriveprosess. Du finn sjangersidene om fabel
her. På denne sida finn du oppgåvene.
Denne skriveprosessen er på sidemål. Det vil seie at du
skal skrive nynorsk viss du til vanleg skriv bokmål. Då
forstår du sikkert at du skal skrive på bokmål om du har
nynorsk som hovudmål. Elevar som har norsk som
andrespråk, kan skrive på sitt norske hovudmål. Viss du er
usikker på kva for målform du skal nytte, skriv du om dette
i kontaktboka du finn på den personlege sida di i PedIT.
(Eller du kan sende e-post til arne@norsknettskole.no)
- Her finn du inngang til gruppa du
skal arbeide i. Fristane som er sette for kvart ledd i
prosessen, viser kor langt du skal arbeide denne veka.
Desse datoane finn du i gruppa di.
|
| A: |
Du skal skrive éin fabel. |
| B:
|
Dersom du har nok tid, skriv du to
fablar. |
| |
|