| GEOGRAFI - EI VERD AV LIKSKAP
OG ULIKSKAP I opplæringa skal elevane - arbeide med befolkningsspørsmål, til dømes storleik, struktur, utvikling, flytting og flukt. Diskutere årsakene til og verknadene av byvoksteren - gjere seg kjende med hovuddrag ved og ulike syn på den globale økonomien, det internasjonale handelsmønsteret og den internasjonale arbeidsdelinga. Søkje informasjon om verksemda til multinasjonale selskap og til det arbeidet som blir gjort av dei ulike organisasjonane i FN - drøfte naturgrunnlag, levevis og levekår i eit utval land frå verdsdelane Nord-Amerika, Sør-Amerika, Afrika, Asia og Oseania - setje seg inn i og diskutere dei store forskjellane mellom fattige og rike delar av verda i lys av FN-erklæringa om menneskerettane. Bli kjende med dei problema som forskjellane skaper og drøfte premissane for berekraftig utvikling - orientere seg om dei geografiske hovuddraga i verda og lokalisere verdsdelane, verdshava, dei største fjellkjedene, innsjøane, elvane og øyane. Arbeide med og gjere seg kjende med busetnad, store byar og kommunikasjonar i regionar og land dei har valt å arbeide med |