|
HISTORIE - HOVUDLINJER FRÅ OM LAG 1750 OG FRAM TIL
VÅR TID I opplæringa skal elevane - greie ut om og vurdere dei nasjonale og globale følgjene av den materielle voksteren i etterkrigstida og dei teknologiske nyvinningane i dei ulike primær- og sekundærnæringane og i hushaldning, transport og massemedium - arbeide med utviklingslinjer i det norske samfunnet i etterkrigsåra med vekt på framvoksteren av velferdsstaten. Gjere seg kjende med bakgrunnen for og følgjene av utdanningseksplosjonen, oljeutvinninga i Nordsjøen, den store rolla media har fått, den nye innvandringa, endringane i kjønnsrollene og familiestrukturen, synleggjeringa av den samiske kulturen og det veksande samiske medvitet. Kartleggje hovuddrag ved utviklinga i dei andre nordiske landa - finne ut korleis moderne teknologi har gjort verda mindre og korleis kontakt, handel og samarbeid over landegrensene og mellom kontinenta har vorte stadig meir nødvendig - gjere seg kjende med konfliktar og samarbeid i Europa og elles i verda og med arbeidet for nedrusting, fred og internasjonal rettferd. Vurdere den rolla Noreg har i verdssamfunnet - arbeide med den politiske utviklinga i Europa etter den andre verdskrigen, diskutere problem og mogleg utvikling som følgjer av dei politiske omveltingane i Mellom- og Aust-Europa - samanlikne utviklinga i to regionar i Afrika, Asia eller Sør-Amerika med to regionar i Nord-Amerika eller Vest-Europa med vekt på forhold som har skapt variasjonar i samfunnsutviklinga på ulike stader i verda |