I opplæringa skal elevane

  • lese noveller av forfattarar som til dømes Johan Borgen, Torborg Nedreaas, Tarjei Vesaas og eit utval tekstar med vekt på spenning og fantasi, der svenske, danske og omsette tekstar, mellom anna samiske, skal vere representerte.
     

  • Skrive forteljingar og noveller, også med utgangspunkt i eiga røynsle og eigne opplevingar, og arbeide med litterære verkemiddel
     

  • undersøkje verdiar, tenkjemåtar og livsførestellingar i den samiske kulturen gjennom å lese eit utval moderne samisk litteratur, dikt, forteljingar og noveller
     

  • granske rolla til den munnlege forteljinga i vår kultur og i andre kulturar, granske nokre språklege stilarter
     

  • arbeide med nokre trekk ved lyrikk som til dømes språklege bilete, assosiasjonsrikdom, mangfald i tyding og andre verkemiddel, og samtale om kva som gir oss estetisk oppleving når vi les skjønnlitteratur