I opplæringa skal elevane
Prosjektarbeid Prosjektarbeid er ei arbeidsform der elevane med utgangspunkt i eit problemområde, ei problemstilling eller ei aktuell oppgåve definerer og gjennomfører eit målretta arbeid frå idé til ferdig produkt, konkret resultat eller praktisk løysing. Kravet om ferdig produkt, konkret resultat eller praktisk løysing skal gjere sitt til at røynsler, opplevingar og kunnskapar blir formidla og presenterte for andre. Planlegging, gjennomføring og vurdering av prosjektarbeidet skal gå føre seg i nært samarbeid mellom elevar og lærarar. Lærarane har ei viktig rolle som rettleiarar og rådgivarar. Prosjektarbeid kan gjennomførast både innanfor og på tvers av fag og knytast til lokale val og konkretiseringar. Breidda i problemområdet kan variere. Den aukande faginndelinga gjennom skuleløpet stiller sterkare krav om samarbeid mellom lærarane. Prosjektarbeidet må tilpassast alderen, interessene og føresetnadene til elevane. Siste året i grunnskulen skal dei gjennomføre ei prosjektoppgåve som skal vurderast skriftleg. Les meir om prosjektarbeid her. |