I opplæringa skal elevane
-
studere sjangertrekk i dei episke tekstane dei arbeider med. Undersøkje
variasjonen i ein episk sjanger, drøfte kva som kjenneteiknar ein god
sakprosatekst, og også vurdere dei estetiske sidene. Granske språket vi
bruker når vi skriv eit intervju, til dømes direkte og indirekte tale,
verbtider og verbbruk og måtar å flette inn personskildring på
-
arbeide med nokre sentrale trekk ved
sakprosa, til dømes underbygging, om tekstane er saklege, kva dei legg vekt
på og omgrepsbruk.
-
skrive informative og argumenterande
tekstar, få noko erfaring med å skrive til dømes søknader, formelle brev og
andre sjangrar dei har bruk for, samarbeide om å lage prosjektplanar, føre
dagbok i samband med eit prosjektarbeid og skrive vurderingar av
arbeidsgang, produkt og læringsutbyte. Samarbeide om rettleiingsarbeid på
aldersblanda skrivedagar
|