Alle ord med æ har lang æ-lyd.
Eksempel: fjære, bæ, bær, blære, hæl, nær, gjær, tær, sært, lære, lærdom, atmosfære, ernære
I dei fleste orda skriv vi æ-lyden med e.
Eksempel: fjernsyn, kjerring, herk, snerk, jern, verre, verda, stjerne, smerte, dessverre, verb
Merk: Er du her, eller er du der?
Desse dyra er gode på å uttale æ-lyden. :-)
Som du ser, er det ikkje alltid lett å vite om vi skal skrive ord med æ-lyd med e eller æ. Kanskje er det best å pugge skrivemåten? Stavekontrollen i tekstbehandlingsprogram, Nynorskordboka og øvingane nedanfor kan vere gode hjelpemiddel når du skal lære rett skrivemåte.
Øvingar kjem snart. | |||||||
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
||||