Dersom Vilde meiner at «rektor er ein tullebukk», bør ho ta seg ein prat med han.
Dersom Vilde meiner at «rektor er ein tullebukk,» bør ho ta seg ein prat med han.
Kor finn du rett teiknsetjing?
«Kven har skrive ’Ja, vi elsker dette landet’?» spurte læraren.
«Kven har skrive ’Ja, vi elsker dette landet’»? spurte læraren.
Kva er rett?
– Kjem du? spurte Ola. – Nei, svarte Hermine.
–Kjem du? spurte Ola. –Nei, svarte Hermine.
Kva er rett?
Inne i ytringar som står i hermeteikn, bruker vi opphøgde komma eller apostrofar når det er behov for fleire hermeteikn.
Inne i ytringar som står i hermeteikn, bruker vi doble, opphøgde komma eller apostrofar når det er behov for fleire hermeteikn.
Kva er rett?
Mellom hermeteikn skal det ikkje stå andre teikn enn dei som høyrer til i den siterte teksten. Dette betyr at kommaet ofte kjem etter hermeteiknet.
Mellom hermeteikn skal det ikkje stå andre teikn enn dei som høyrer til i den siterte teksten. Dette betyr at kommaet ofte kjem før hermeteiknet.
Kva er rett?
Hermeteikn kan vi bruke til å skilje ut ord og uttrykk som er utanom det vanlege, som vi ikkje går god for sjølv, eller som vi bruker ironisk eller med atterhald.
Bindestrek kan vi bruke til å skilje ut ord og uttrykk som er utanom det vanlege, som vi ikkje går god for sjølv, eller som vi bruker ironisk eller med atterhald.
Kva er rett?
Når du gjev att noko ordrett frå skriftlege kjelder, skal du bruke hermeteikn (f.eks. «...» eller “...”).
Når du gjev att noko ordrett frå skriftlege kjelder, må du vakte deg vel for å bruke hermeteikn. Du kan faktisk bli teken for juks!