Kva er rett? - Eg laga mat, og du vaska opp.
- Eg laga mat og du vaska opp.
Kva er rett? - Når kvelden kjem, når det mørknar, og når det blir kaldt i stova, er det godt å kunne tenne på peisen.
- Når kvelden kjem når det mørknar og når det blir kaldt i stova, er det godt å kunne tenne på peisen.
Kva er rett? - Petter kjøpte brød og mjølk.
- Petter kjøpte brød, og mjølk.
Kva er rett? - Dersom du er sjuk, og
dersom du ikkje orkar å gå på skolen, kan du halde deg heime i morgen.
- Dersom du er sjuk og
dersom du ikkje orkar å gå på skolen, kan du halde deg heime i morgen.
Kva er rett? - Petter syng, Eva speler, og Lars græt.
- Petter syng, Eva speler og Lars græt.
Kva er rett? - Kom inn og ver stille!
- Kom inn, og ver stille!
Kva er rett? - Du er ein fin pode, er du.
- Du er ein fin pode er du.
Kva er rett? - Kari ville gje Hans ein klem men så fekk dei besøk av mora til Hans.
- Kari ville gje Hans ein klem, men så fekk dei besøk av mora til Hans.
Kva er rett? - Ho ville vite kor eg var, og når eg var å treffe.
- Ho ville vite kor eg var og når eg var å treffe.
Kva er rett? - Han dro på fisketur og ho til kjøpesenter.
- Han dro på fisketur, og ho til kjøpesenter.
|