Denne språkforskaren skapte på 1800-talet eit nytt, norsk skriftspråk, landsmålet, med utgangspunkt i norsk talemål og språktrekk som kunne førast tilbake til norrønt.
Han brukte element frå fleire dialektar og fann fellestrekk mellom
dei. Dialektar frå byane la han mindre vekt på. Desse meinte han i stor grad var
påverka av dansk.
Landsmålet vart utgangspunkt for det vi i dag kallar nynorsk.
Kven var denne språkforskaren?