Tentamen i norsk sidemål - nynorsk

| Nynorsk | Bokmål |

 
 

Før du startar på oppgåva:

Tentamen skal avviklast i tidsrommet tysdag 21. mai til torsdag 23. mai. Leveringsfristen din er torsdag 23. mai kl. 22.00. (Her tek du omsyn til det klokka viser der du bur.)

Det første du gjer, er å leggje inn ei melding på samarbeidsforumet der du varslar at du er klar til å starte opp. Hugs å lese e-posten og samarbeidsforumet fleire gonger kvar dag!

All kommunikasjon med samarbeidspartnaren din bør skje på forumet som er sett opp.  Nokre av dykk må ta omsyn til tidsforskjellar.  Skriv til kvarandre om dette.

På denne tentamenen skal du arbeide prosessorientert saman med ein annan elev. Grupper har Arne sett opp. Du finn samarbeidsforumet ditt på firstclasskrivebordet.

På tentamen kan du bruke alle hjelpemiddel, men det er du sjølv som skal skrive oppgåva.  Når du har levert den endelege teksten, lagar du eit innlegg der du oppgir alle kjeldene du har nytta.

Per eller Arne kjem til å gje lærarrespons.  Sidan vi har kort tid på denne skriveprosessen, kan det hende du får lærarrespons før medeleven har lagt ut sine tilbakemeldingar til deg.

Hugs at du i store deler av tida kan nå Arne på Praterommet.  Ser du ikkje namnet hans der, kan du sende ein e-post og kome med framlegg om trefftidspunkt.

Tilrådd framdrift:
 
Tirsdag 21. mai
  • Idémyldring på forumet

  • Gjere ferdig førsteutkast

  • Skriv sjølvrespons på førsteutkastet

  • Gje respons på førsteutkast til medelev

Onsdag 22. mai
  • Skrive vurdering av respons

  • Forfatte andreutkast

  • Skrive sjølvrespons på andreutkastet

  • Gje respons på andreutkastet til medelev

Torsdag 23. mai
  • Skrive vurdering av respons på andreutkastet

  • Gjere ferdig endeleg tekst

  • Legge sisteutkastet inn på forumet

Ordliste på nettet finn du her.

Viss du lurer på noko, kan du ta kontakt med Arne. 

Du skal skrive éi av oppgåvene nedanfor.


Oppgåve 1:

Reklame retta mot barn og unge

Reklame kan vere heilt nødvendig dersom eit firma skal få selt ei vare. Utan god marknadsføring kan ei bedrift raskt måtte leggje ned verksemda. Reklame bør ikkje vere nokon samfunnsfiende, vil somme meine.

Men reklame kan også lure barn. --Auka bruk av reklame og sponsorar kan i verste fall true skolen si frie og uavhengige rolle og skape ulikskapar i skoletilbodet i og mellom kommunane. Les meir om dette her.

Du har fått i oppgåve å halde ein tale der temaet er reklame retta mot barn og unge. I salen har du 99 lyttande ungdomsskoleelevar. Skriv talen.


Oppgåve 2:

Røykfrie serveringsstader?

Regjeringa foreslår eit totalforbod mot røyking på serveringsstader.
-- Å skjerme tilsette og gjester mot passiv røyking, er den viktigaste årsaka til at Regjeringa no foreslår eit totalforbod mot røyking på serveringsstader, seier helseminister Dagfinn Høybråten.

Les meir om dette her

Skriv en artikkel til Globalnytt om røykfrie serveringsstader. 

Les om sjangeren artikkel på side 257 i "Språk og sjanger".


Oppgåve 3:

Konfirmasjon

Mange vel å konfirmere seg når ein går i 9. klasse. 

"Konfirmasjonstida skal leggje til rette for at du kan få oppleve kven Jesus er, og kva det vil seie å vere ein kristen. Du får lære meir om Bibelen, og blir kjend med kyrkja.

Du får også treffe menneske som kan fortelje deg om trua si. Mange konfirmantar oppdagar i løpet av konfirmasjonstida at det å vere ein kristen, er noko heilt anna enn dei trudde -- og blir positivt overraska." 
Les meir om konfirmasjon i Den norske kyrkja her.

"Human-Etisk Forbund arrangerer konfirmasjonskurs for ungdom. Kursa vert avslutta med ein høgtidleg ungdomsfest i mai/juni. Tema på kursa er dei same over heile landet: Livssyn/humanetikk, menneskerettar, verdsreligionane, ungdom og jus, og ungdom og samliv. Alle kan konfirmere seg borgarleg, også ungdom som er medlem av statskyrkja, andre kyrkjesamfunn eller religionar." 

Les meir her.

Det finst heilt sikkert fleire konfirmasjonstilbod rundt om i verda.

Skriv et essay der temaet er konfirmasjon.

Les om sjangeren essay på s. 100 - 118 i "Språk og sjanger".


Oppgåve 4:

Kropp, utsjånad og sjølvbilete

"Forholdet til kropp og utsjånad har blitt stadig meir avgjerande for ungdom sitt syn på seg sjølv.

Krava som vert stilte, er for dei fleste uoppnåelege, og utsjånaden er den viktigaste grunnen til at jenter har dårlegare sjølvbilete enn gutar." (Lars Wichstrøm i ”Likestilling, yeah, yeah, yeah” Likestillingsrådet 1995).

Skriv eit kåseri om ungdom sitt forhold til kropp, utsjånad og sjølvbilete.

Les om sjangeren kåseri på s. 100 - 119  i "Språk og sjanger".  Det viktigaste finn du på side 119.


Oppgåve 5:

Mobbing

Mobbing kan vere mykje forskjellig. Her er nokre døme på kva barn og unge oppfattar som mobbing:

  • Å bli kalla med namn ein ikkje set pris på

  • Å bli erta

  • Å bli dytta og dratt rundt omkring

  • Å bli slått

  • Å få sekken sin, eller noko anna ein eig, kasta rundt

  • Å få spreidd vonde rykte om seg sjølv

  • Å bli ignorert og sett utanfor

  • Å bli tvungen til å gje frå seg pengar eller noko anna ein eig

  • Å bli plaga på grunn av rase eller religion

Les meir om mobbing her.

Skriv ei forteljing der temaet er mobbing.

Les om sjangeren forteljing på s. 66 - 76  i "Språk og sjanger". 

 

Nettsideansvar: Arne Heimestøl |