-
Ein preposisjon er eit ubøyeleg ord.
-
Preposisjonen står til vanleg framfor
ledd eller deler av ledd han høyrer
saman med.
-
Preposisjonar markerer korleis ledd fungerer i forhold til
kvarandre i tid, rom eller abstrakte forhold.
|
|
Her finn du nokre eksempel på preposisjonar:
- av
- bak
- blant
- etter
- for
- frå
|
- gjennom
- hos
- i
- innan
- innanfor
- med
|
- mellom
- mot
- om
- omkring
- ovanfor
- på
|
- rundt
- til
- under
- via
- ved hjelp av
- på grunn av
| |
|
- Preposisjonar kan stå saman med
substantiv,
pronomen eller
verb i
infinitiv.
-
Ugla sat på greina.
-
Eg fekk ein kyss av deg.
-
Du er glad i å syngje.
- Dei kan fortelje kvar noko eller nokon er:
- Katten er under stabburet.
- Preposisjonar kan også fortelje om tid:
- Det er fint om
du kjem før klokka sju.
-
Preposisjonar kan markere korleis ledd fungerer i forhold til kvarandre
i abstrakte forhold:
-
Framfor dei fleste norske stadnamna nyttar vi
i, men framfor ein del namn er på den rette preposisjonen frå gammalt. I dag er
i på frammarsj og kjem inn også ved mange namn i den siste gruppa, særleg by- og tettstadnamn.
Les meir om dette
her.
-
Preposisjonen og det ordet han står saman med, kallar vi preposisjonsuttrykk.
-
Eg søv i senga.
-
Veslebror sit på golvet.
|