[Skjul] Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk > Ordklassar > Verb > Sterke og svake verb

[Logg inn]


Former av verbet
Presenssystemet
Preteritumssystemet
Utvida bøying
Sterke og svake verb
Test: Sterke og svake verb
Meir om sterke verb
Partisipp
Kortverb
St-verb
J-verb
E-verb
A-verb
Imperativ
Samsvarsbøying
Aktive og passive verbformer
Parverb
Usjølvstendige verb
Testar
   Sterke og svake verb

Bokmål | Nynorsk

Vi deler ordklassen verb i to hovudtypar som har ulik bøying:

  • Svake verb får ending i preteritum (fortid).

  • Sterke verb får ikkje ending i preteritum, men skifter ofte vokal.

  • Å kaste er eit svakt verb.

  • Å syngje er eit sterkt verb.

Infinitiv

Presens (notid)

Preteritum
(fortid)

Presens perfektum

kaste kastar kasta har kasta
springe spring sprang har sprunge

Svake verb

Svake verb er delte inn etter ending i preteritum. I Nynorskordboka finn du kodar som viser korleis du skal bøye verba. Forklaring på kodane finn du på denne sida.

 
Vi kan lage skjema og bøye svake verb slik:
 
Infinitiv Presens (notid) Preteritum (fortid) Presens perfektum
reise reiser reiste har/er reist

Sterke verb

I Nynorskordboka finn du infinitiv, presens, preteritum og perfektum partisipp (sprunge, blåse) av sterke verb.

 
Vi kan lage skjema og bøye sterke verb slik:
 

Infinitiv

Presens (notid) Preteritum (fortid) Presens perfektum
skrive skriv skreiv har/er skrive

Her kan du lese meir om sterke verb.
 

  Test: Finn sterke og svake verb.