|
Perfektum
partisipp er ei
adjektivisk form av
verbet. Det vil seie at partisippet
kan stå på same plass som eit adjektiv i setninga. Vi kallar det samsvarsbøying når partisippet blir bøygd i kjønn og
tal i samsvar med
substantivet det står til.
|
Her finn du hovudreglane for samsvarsbøying av perfektum partisipp:
-
Partisipp av
svake verb med -te, -de eller -dde i
preteritum får endinga -t, -d eller -dd i
ubestemt form hankjønn og hokjønn.
Eksempel:
-
ein
heilfrelst fotballsupportar
- ei nybygd hytte
- ein nyfødd gutepjokk
-
Partisipp av
svake verb med -te, -de eller -dde i
preteritum får endinga -t,
-d/-t eller -dd/-tt i
ubstemt form inkjekjønn.
Eksempel:
- eit kjøpt kort
- eit nybygd palass
- eit nyfødd barn
- I
ubestemt og bestemt form fleirtal er formene dei same som i
preteritum.
Eksempel:
- Pokalar var utdelte.
- Bøkene blei kjøpte.
- Partisipp av dei fleste
sterke verb får endinga -en i ubestemt form eintal i
hankjønn og
hokjønn. Inkjekjekjønn får endinga -e/-i. Ubestemt
og bestemt form fleirtal endar på -ne.
Eksempel:
- ein nedgraven skatt
- ei lesen bok
- eit drepe/drepi dyr
- De er velkomne!
 |
Bruk desse reglane saman med
Nynorskordboka dersom du vil nytte full samsvarsbøying.
|
 |
Forenkla samsvarsbøying høyrer med til sideformene i nynorsk og
kan brukast av elevar. Les meir om dette på
Språkrådet sine sider. |