[Vis alt] Ressurssidene > (...) > Grammatikk > Ordklassar > Verb > Sterke og svake verb

[Logg inn]


Former av verbet
Presenssystemet
Preteritumssystemet
Utvida bøying
Partisipp
Sterke og svake verb
E-verb
A-verb
J-verb
Kortverb
St-verb
Nokre uregelrette verb
Å bli og å verte
Imperativ
Samsvarsbøying
Aktive og passive verbformer
Parverb
Usjølvstendige verb
   Sterke og svake verb

Bokmål | Nynorsk

Vi deler ordklassen verb i to hovudtypar som har ulik bøying: Svake verb får ending i preteritum (fortid). Sterke verb får ikkje ending i preteritum, men skiftar ofte vokal.
 
  Infinitiv Presens Preteritum Presens perfektum
Eit svakt verb: prate pratar prata har prata
Eit sterkt verb: syngje syng song har sunge
 
Svake verb
Svake verb er delte inn etter ending i preteritum. Når vi slår opp på eit slikt verb i Nynorskordboka, finn vi ein bøyingskode, for eksempel v1. Klikkar vi på denne, får vi fram bøying av verbet i infinitiv, presens, preteritum, presens perfektum og imperativ.
 
Kode Infinitiv Presens Preteritum Presens perfektum Imperativ
v1 kaste kastar kasta har kasta kast
v2 kvile kviler kvilte har kvilt kvil
 
Sterke verb
I Nynorskordboka finn vi også infinitiv, presens, preteritum, presens perfektum og imperativ av sterke verb. Å skrive er et sterkt verb.
 
Infinitiv Presens Preteritum Presens perfektum Imperativ
skrive skriv skreiv har skrive skriv
 
Øving 1 Øving 2  Øving 3 Nynorskordboka