SAMISKE SYMBOL
Jon Olav Kolden 2006
Hovudside
 Nasjonalsymbol  |  Samedrakt  |  Nasjonaldag  |  Nasjonalsongen  |  Flagg  |  Tru og overtru  |  Oppgåver 
Samedrakt
Samedrakt eller samekofteer navnet på den samiske folkedrakta.
På same måte som det samiske språket blir samedrakta brukt på tvers over landgrensene. Likevel kan form, farge og mønster på kofte og luve variera stort frå distrikt til distrikt, og til ein viss grad fylgjer draktvariantane dei samiske dialektane.
 
Samedrakta består av kofte med lange ermer, som blir bore med belte. Mannskofta er stuttare enn kvinnekofta. Luvene er svært ulike for menn og kvinner.
Opprinneleg vart koftene sydde i skinn, men i dag brukar ein ullstoff eller bomull.
Kofte og luve blir dekorert med band, blonder, tinntrådbroderi, kråkesylv og skinn.
Dekoren kan vise religion, kvar ein høyrer til, kva for famile ein høyrer til og om ein er gift eller ugift.
Somme stader ber ein søljer og sjal av ull eller silke.
Tidlegare vart samedrakta brukt dagleg, men no til dags er ho mest brukt til fest eller ved spesielle høve.
 
To døme på typiske samedrakter