|
|
||
|
|||
1. Kort om
Noreg 9. Stortingsbygget
|
5. Domstolane
I tillegg har domstolane ein del forvaltningsoppgåver. Typiske døme er tinglysing, skiftevesenet, notarialforretningar, medrekna borgarleg vigsel. Sjølv om domstolane er uavhengige, er det Stortinget som vedtek budsjettet for domstolane, og administrasjonen av domstolane er lagde til Justisdepartementet ved Domstolavdelinga. Dommarar blir utnemnde av Kongen (regjeringa). IT og- fagtenesta til Rettsstellet er oppretta som eit eige organ for å hjelpe domstolane innanfor IT og tilknytte utviklingstiltak. Alle
saker startar i by- eller heradsretten (sivile saker skal som hovudregel
starte i forliksrådet). Avgjerder i by- og heradsrettane kan klagast inn for lagmannsretten, ved anke eller kjæremål. Det er 6 regionale lagmannsrettar. Høgsterett "dømer i siste instans", som det heiter i Grunnlova § 88. Høgsterett er såleis Noregs øvste domstol. Høgsterett skal sørgje for rettseinskap og hjelpe til å avklare der rettstilstanden er uklår. Saker som reiser prinsipielle spørsmål ut over det konkrete saksforholdet, står sentralt i Høgsterett sitt arbeid.
|
||
|
|||
|