Tentamen i norsk hovudmål - nynorsk

| Nynorsk | Bokmål |


Før du startar på oppgåva:

Tentamen skal avviklast i tidsrommet måndag 3. juni til torsdag 6. juni.  Leveringsfristen din er torsdag 6. juni kl. 22.00. (Her tek du omsyn til det klokka viser der du bur.)

Det første du gjer, er å leggje inn ei melding på samarbeidsforumet der du varslar at du er klar til å starte opp. Hugs å lese e-posten og samarbeidsforumet fleire gonger kvar dag!

All kommunikasjon med samarbeidspartnaren din bør skje på forumet som er sett opp.  Nokre av dykk må ta omsyn til tidsforskjellar.  Skriv til kvarandre om dette.

På denne tentamenen skal du arbeide prosessorientert saman med ein annan elev. Grupper har Arne sett opp. Du finn samarbeidsforumet ditt på firstclasskrivebordet.

På tentamen kan du bruke alle hjelpemiddel, men det er du sjølv som skal skrive oppgåva.  Når du har levert den endelege teksten, lagar du eit innlegg der du skriv inn alle kjeldene du har nytta.

Per eller Arne kjem til å gje lærarrespons.  Sidan vi har kort tid på denne skriveprosessen, kan det hende du får lærarrespons før medeleven har lagt ut tilbakemeldingane sine til deg.

På tentamen i sidemål opplevde Arne kø på den andre responsrunda.  Det kan hende du må vente nokre timar på å få tilbakemelding.

NB!  Denne gongen kjem kvaliteten på responsen du gjev til medelev, til å telje med i vurderinga.  Viss du gjev grundig tilbakemelding, slik det er lagt opp til på sidene om prosessorientert skriving, vil dette vere eit pluss når karakter skal fastsetjast. 

Du bør ta deg tid til å lese gjennom andre vurderingskriterium lærarane kjem til å leggje vekt på.

Hugs at du i store deler av tida kan nå Arne på Praterommet.  Ser du ikkje namnet hans der, kan du sende ein e-post og kome med framlegg om trefftidspunkt.

Tilrådd framdrift:
 
Måndag 3. juni
  • idémyldring på forumet
  • gjere ferdig førsteutkast
  • skrive sjølvrespons på førsteutkastet
  • gje respons på førsteutkast til medelev
Tysdag 4. juni
  • skrive vurdering av respons
  • forfatte andreutkast
  • skrive sjølvrespons på andreutkastet
  • gje respons på andreutkastet til medelev
Onsdag 5. juni
  • skrive vurdering av respons på andreutkastet
  • arbeide med endeleg tekst
Torsdag 6. juni
  • leggje endeleg tekst inn på forumet.
  • lage oversyn over kjelder du har nytta

  • Ordliste på nettet finner du her
     
  • Ressurssidene kan vere eit hjelpemiddel på hovudmålstentamen.

Viss du lurer på noko, kan du ta kontakt med Arne. 

Tentamensoppgåver du kan Vele mellom

Du skal skrive éi av oppgåvene.  Vel ein annan sjanger enn den du skreiv på sidemålstentamen.

  1. Bildet er et utsnitt av tegning Aftenposten laga da Andreas, Takis, Jorun og Anette ble intervjua om Globalskolen av Aftenposten i 2001.Intervju

    Året er 2014.  Det er verdsmesterskap i fotball for menn i Brasil.  Noreg har endeleg klart å kvalifisere seg. 

    På laget er Andreas, som var nettskoleelev i 9. klasse 2001/2002, med.  Du arbeider som journalist i Aftenposten og skal lage eit intervju med den tidligare nettklassekameraten din. 

    (NB!  Dette er eit fiktivt intervju.  Du diktar opp det meste sjølv, unnateke at de var i same skole  i 2001/2002.

    Viss Andreas vil skrive denne oppgåva, kan han intervjue ein annan elev. Det utrulege er nemleg at det finst éin elev til frå same klasse på VM-laget.)

    Om sjangeren intervju: 

 

  1. Dagbok

    I  9. klasse har du vore nettelev eller vertselev i Globalskolen.  Du er glad i å skrive dagbok.  Nokre dagbokblad har du brukt på Globalskolen. Skriv dagbokblada.
    No er du kjend med at lærarane dine skal få lov til å lese deler av dagboka di. ;-)



    Om sjangeren dagbok:

    I ei dagbok er det mogleg å blande fleire sjangrar. Ein god tekst vil blant anna innehalde tankar, refleksjonar og personlege kjensler.  Dagboka kan ha ein laus struktur, og språktonen er som oftast personleg.   Som i eit personleg brev kan ein akseptere innslag av dialekt, slang og bruk av setningsemne.


     

  2. Artikkel, kåseri eller essay

    Undersøkingar viser at mange ungdommar er mindre fysisk aktive enn ungdom var for nokre år sidan. Samtidig endrar matvanane seg. Sunn mat er viktig for læresituasjonen, og matvanar blir tidleg påverka. Vi opplever ein dramatisk vokster i livsstilsjukdommar. Sunn livsstil er viktig for eit godt liv.

    Skriv ein artikkel, eit essay eller eit kåseri om mat og mosjon i Globalnytt.
     

Les om sjangeren artikkel på s. 257 i "Språk og sjanger". Teori om og døme på sjangrane essay og kåseri finn du på s. 100 - 118 i "Språk og sjanger".


  1. Forteljing

    Nettvettreglane er enkle reglar for deg som bruker Internett. Følgjer du dei, gjer du det vanskelegare for andre å misbruke informasjon om deg frå nettet.

    Ikkje alle tek omsyn til desse reglane. Då kan det gå gale. Skriv ei forteljing om ein ungdom som fekk seg ei utriveleg oppleving etter å ha brote éin eller fleire av nettvettreglane.

    Les om sjangeren forteljing på s. 66 - 76 i "Språk og sjanger".


  1. Fritt vald sjanger

    Nedanfor finn du to limerickar der nokon har rota med rekkefølgja på linjene. 

    Når dei dansa tett,
    om ein hjulvisp i svært sakte gang
    fann ei byfrøken kalvbeint og lang.
    ja, så minte det nett
    Ein hjulbeint og skrinn fyr frå Vang

     

    Da speilet datt ned,
    Ein skjeggete fyr ifra Mode
    ”Hent hjelp! Jeg har skjært av meg hodet!”
    skreik mannen: ”Akk ve!”
    barberte seg ved sin kommode.

     

Finn først ut korleis rekkefølgja skal vere.  Deretter bruker du éin av limerickane som utgangspunkt for ein tekst.  Sjanger vel du sjølv. 


Kanskje er du oppteken av å få eit variert språk i teksten din?  Brynhild Mathisen har laget nokre språksider du kan sjå på.

Les meir om ulike sjangrar her.


Nettsideansvar: Arne Heimestøl |